THEA & THE WILD @ TRE BRØR

page view image
Arrangementsdato

søndag 12 apr 2026 18:00

Slutter søndag 12 apr 2026 20:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
Konsertbillett Thea & the Wild
event image

Arrangementsinformasjon

I løpet av sine 15 år i norsk musikkbransje og med 4 kritikarroste album i bagasjen har Thea & The Wild markert seg som en sterk og engasjert låtskrivar, liveformidlar og vokalist. Musikken hennar har gitt ho strålande anmeldelser, Spellemannsnominasjon, skryt i både inn- og utland og varme anbefalingar frå blant anna Rolling Stone Magazine, NME og American Songwriter.

Hausten 2025 kom hennar femte soloalbum ut på Fysisk Format. Albumet fekk navnet Truck Sized Asteroid, og byr på 10 nye låtperler ho gler seg til å vise fram live. Musikken hennar plasserer seg ein stad mellom sjangrane alternativ pop, folk og rock, og kan beskrivast som gitarbasert, varm, organisk, fengande, tidlaus, rørande og til tider også dansbar.

Thea har ei nerve og ei unik evne til å vere til stades på scenen som er få forunt, og me er sikre på at du har ein haug nye låtar på hjernen når konserten er over.

Organizer
KULTURPROGRAMMET VOSS