LAZZE & TOTTEN @ TRE BRØR

page view image
Arrangementsdato

lørdag 21 feb 2026 20:00

Slutter lørdag 21 feb 2026 21:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Ordinær
event image

Arrangementsinformasjon

Laurdag 21. februar tek me imot to glade karar, som er klare til å spreie sitt musikalske bodskap til folket. Lazze og Totten er to røynde lokale musikarar, som er godt kjende i Vossebygada frå ulike band, som duo eller kvar for seg. Sist sett på Heidrafest, i bandet "Cuts like a knife", der dei heidra Bryan Adams. 

Lazze og Totten er ein humørfylt duo, som legg stor vekt på å spele songar du kjenner att, og som alltid gjer sitt for at du skal kunne gå heim att etterpå med eit smil om munnen etter ein kjekk musikalsk kveld. 

Du vil få høyre songar av kjende artistar som Toto, Police, Bruce Springsteen, Stevie Wonder, AC/DC, Creedence, Beatles, Eric Clapton og Eagles, for å nemne nokon. 

Velkomne til ein musikalsk festkveld med høg allsongfaktor !

Organizer
KULTURPROGRAMMET VOSS