page view image

PROTESTSONGAR JOHAN EGDETVEIT @ TRE BRØR

Information
event image

Den kjende trekkspelaren frå Voss, vart etter kvart så forbanna at han måtte få det ut. Dei seinare åra har det kome i form av ramsalt samfunnskritikk i form av protestviser. På plata «Nytalens tid» er det protest mot alt frå norsk dobbeltmoral via fagforeningsknusing til skatteflukt. Forvent humor, sarkasme, virtuost trekkspel og god gamaldags revolusjonær stemning, når den gretne gubben Johan Egdetveit slær seg laus. Nye songar om helseforetaksmodellen og sparkesyklar vert det og!